Ungdata

Ungdata

I frå neste veke av og fram mot påske skal elevane på Bryne vidaregåande skule vera med i undersøkinga Ungdata.

Ungdata er lokale ungdomsundersøkingar som blir gjennomførte i kommunar og fylkeskommunar over heile landet.

Elevane får gjennom Ungdata-undersøkinga sjansen til å fortelje lokale politikarar og styresmakter om korleis det er å vekse opp i Rogaland. 

Resultata frå undersøkingar gir politikarar og styremaktene eit godt innblikk i korleis det er å vera ung i Rogaland i dag. 

Undersøking går føre seg digitalt på datamaskin eller nettbrett i samla klasse. Alle elevane får eit passord som dei skal bruke for å logge seg inn.

Det er frivllig å delta i undersøkinga, og det er mogleg for elevane å hoppe over spørsmål dei ikkje vil svare på.

Det er ikkje mogleg å identifisere enkeltpersonar ut i frå svara elevane gir i undersøkinga.

Del denne artikkelen på: