Tverrfagleg prosjekt om bærekraftig utvikling

Tverrfagleg prosjekt om bærekraftig utvikling

Elevane i 1STB har dei siste to vekene jobba med eit tverrfagleg prosjekt i naturfag og samfunnsfag.

Oppgåva var å sjå på bærekraftig utvikling og biologisk mangfald i kommunane frå Stavanger i nord til Eigersund i sør. Elevane jobba i grupper og skulle ta kontakt med tilsette i kommunane for å få informasjon om til dømes jordvern, utrydningstrua dyreartar, plast og gjenvinning, kloakk og avfallshandtering. 

1STBjenter

- Det var interessante tema, og det er kjekt å arbeide med noko som er lokalt, seier elevane i 1STB. Den største utfordringa var å få informasjon frå kommunane, særleg i enkelte kommunar erfarte elevane at det var vanskeleg å få tak i nokon som kunne gje svar på det dei lurte på.  

 

1STBframforing2

I tillegg til å ha ein presentasjon av arbeidet for lærarar og medelevar, laga kvar gruppe ein brosjyre med informasjon om sin kommune. Desse brosjyrane vil ligge på biblioteket eit stund framover slik at fleire kan få sjå kva elevane har funne ut.

Del denne artikkelen på: