Trivsel på Bryne vgs.

Trivsel på Bryne vgs.

Denne og neste veke startar me med friminuttsaktivitetar på Bryne vgs.

Me har lærar med fleire av dagane, og elevrådet tek ansvar tysdagen.

Når gruppene er starta opp er det berre kjekt om de strikkar eller speler gitar eller speler Uno kvart storefri.

I storefri kan du velje mellom mange aktivitetar:

Kvar dag frå veke 43

Gitar: Me har kjøpt inn 4 gode akustiske gitarar. Dei kan lånast på biblioeteket og nyttast til samspel i eit grupperom ved sida av biblioteket.

Spel: Biblioteket set fram ulike brettspel de kan låne og spele i området utføre biblioeteket. Me kjøper også inn fleire UNO-kortstokkar. 

Bordtennis i 1-etasje b-bygg. Elevrådet er med kvar tysdag.

 

Måndagar frå veke 44

Strikking i sofakroken i biblioteket 2. etasje, bygg A: Ta med eige strikketøy eller lån av skulen når du møter opp.. Lær å strikke til din første strømpe med hjelp frå eminente Evy.

Lese/diskusjonssirkel teikneseriar. Møt opp på biblioteket. Magnus ansvarleg

 

Tysdagar frå veke 43

Brettspel i c-bygg (første rom til venstre etter inngang) Elevrådet har ansvar.

Brettspel b-bygg (i andre enden av gangen ved utsalet) Elevrådet har ansvar.

  •  

Torsdagar frå veke 44

Film og TV-serieklubb på C1123– Dei som vil sjå på film og TV-seriar møter opp i auditoriet i c-bygg. Sigve og Sigbjørn har ansvar.

Del denne artikkelen på: