Startskot for hjartestartarprosjekt

Startskot for hjartestartarprosjekt

Som den første skulen i Norge, er Bryne vgs. med i den nasjonale dugnaden "Sammen redder vi liv", som Helsedirektoratet står bak.

Hjartestarter2 (2)

I samarbeid med mellom andre Lærdal Medicals, skal dei aller fleste elevane på skulen få opplæring i hjarte- og lungeredning ved bruk av hjertestartar. 

Hjartestarter3 (2)

Denne veka har 29 elevar frå Helse- og oppvekstfag, Service og samferdsel og Idrettsfag  gått på kurs for å verte instruktørar.

Desse 29 skal utover hausten lære opp resten av skulen sine elevar i å bruke hjartestartar. 

Hjartestarter6 (2)

Kurset elevane skal igjennom, skal haldast i kroppsøvingstimane, og skal gje elevane dei viktigaste kunnskapene og ferdighetene dei treng for å handtere ein medvitslaus person, anten personen har hjertestans eller ikkje. 

"Dette kjem til å redde liv", seier avdelingsleiar Elisabeth Helgøy Nygård entusiastisk. Ho har stor tru på prosjektet, og er stolt av at skulen er med på dette.

Del denne artikkelen på: