Solidaritetstur

Solidaritetstur

Onsdag 3.oktober reiser avdelingsleiar Jan Njærheim, elevane Hedda Skjærpe Aksnes, Mathilde Brunvoll, Lina Kvia og Håkon Ødemotland Gundersen saman med lærar Trond Anfinnsen på tur til Israel og Palestina.

Turen er ein del av solidaritetsprosjektet som skulen er med på. Prosjektet er i samarbeid med to andre vidaregåande skular i fylket. 

Elevane gler seg til turen og reknar med at det blir travelt og mange inntrykk. Oppgåva deira blir å samle informasjon slik at dei kan formidle det dei opplever til dei andre elevane på skulen.

Dei fire elevane er opptekne av at dei reiser for å lære, ikkje for å ta standpunkt

Solidaritetsprosjektet samlar inn pengar til to flyktningeleirar i Betlehem og Libanon.

For elevane på Bryne vgs. er solidaritetsdagen i år fredag 30.november. 

Del denne artikkelen på: