Solidaritetsprosjektet 2017

Kristiane Seglem, Silje Hodne, rektor Ingunn Folgerø, Monica Andersen Hansen, Vår Theresa Skrudland Hetland og Tobias Refsland oppmodar alle elevane til å vera med på innsamlingsdagen måndag 13.november.

Måndag 13. november arrangerer skulen innsamlingsdag i samband med solidaritetsprosjektet.

Solidaritetsprosjektet samlar inn pengar til arbeid i to flyktningeleirar i Midt-Austen, den eine i Shatila, Libanon og den andre i Betlehem.

Elevane skal jobbe anten heime eller hos arbeidsgjevar for å samle inn pengar som skal gå til prosjektet.

Dei seks elevane i aksjonsgruppa  og to lærarar var tidlegare i haust på besøk i Aida Refugee Camp i Betlehem for å lære meir om arbeidet som prosjektet støttar der. 

Rektor Ingunn Folgerø og  elevane Kristiane Seglem, Silje Hodne, Monica Andersen Hansen, Vår Theresa Skrudland Hetland, Tobias Refsland og Camilla Askø (ikkje på biletet) i aksjonsgruppa oppmodar alle elevane på skulen til å gjera ein innsats på måndag! 

Del denne artikkelen på: