Slå til med tysk

Slå til med tysk

Tysdag 24.april hadde skulen besøk av Andrea Kroner frå prosjektet "Slå til med tysk - Unterwegs mit Deutsch in Norwegen".

Prosjektet er i regi av Goethe-Institut og skal fremje tysk språk i Norge på ein ny og spennande måte. 

Elevar i fire ulike tyskgrupper fekk vera med på ulike aktivitetar innanfor ulike tema.

slåtilmedtysk6

Elevane frå vg 1 fekk høyre om kva som er typisk tysk medan elevane på vg2 hadde geografi som tema.

slåtilmedtysk8

Tysk 3-elevane jobba med tysk politikk, hadde rollespel og fekk informasjon om studier i Tyskland. 

Slåtilmedtysk

Elevane gav uttrykk for at det var gildt med variasjon og at det var spennande å jobbe med tysk på litt andre måtar.

Del denne artikkelen på: