• Forside
  • Aktuelt
  • Samhandling for auka gjennomføring i vidaregåande skule

Samhandling for auka gjennomføring i vidaregåande skule

Samhandling for auka gjennomføring i vidaregåande skule

Då Time kommune arrangerte Innovasjonsdagen 2017, var det mellom anna fokus på prosjektet Samhandling for auka gjennomføring i vidaregåande skule.

Det var leiarar og andre tilsette i Time kommune som var tilstades på Innovasjonsdagen.

Dei fekk høyre tilsette og elevar frå ungdomsskular og Bryne vgs. fortelje om sine erfaringar med arbeidslivsfaget i ungdomsskulen.

Innovasjonsdagen

Sosialpedagogisk rådgjevar på Bryne vgs., June Iren Rød og Rita Rosseland Johansen, som er yrkesrådgjevar på Lye Ungdomsskule, er blant dei som har vore med i prosjektgruppa, og presenterte prosjektet. Dei har hatt samtalar med aktuelle elevar, og kartlagt behov, sett etter gode løysingar, og testa desse. Vennskap og gode relasjonar, og det å bli sett av lærarar som er tett på, er ønskje som går igjen frå elevane.

Arbeidslivsfaget er eit alternativ til engelsk fordjuping for elevar som ikkje vel eit 2. framandspråk på ungdomsskulen. Her får elevane ein forsmak på ulike yrkesfag. Elevar som gjerne synest det blir mykje teori i ungdomsskulen, får prøvd ut korleis dei likar dei praktiske faga.

Innovasjonsdagen3

Martin Sørmarken Håland og Christian René Dugstad hadde arbeidslivsfaget då dei gjekk på ungdomsskulen, og er no elevar på TIP på Bryne vgs. Dei fortalde at dei likte arbeidslivsfaget fordi dei fekk arbeide med noko praktisk, og slapp å berre sitje i ro. Dei sleit med dei teoretiske faga og var ikkje motivert. Men medan dei hadde høgt fråvær eller sovna ved pulten i dei teoretiske faga, var dei alltid presis til timane med arbeidslivsfag.

Av dei 9 som tok faget i fjor og begynte på Bryne vgs. i haust, har ingen droppa ut.

Innovasjonsdagen4

Live Eggja og Henrik Larsen frå Bryne ungdomsskule har arbeidslivsfag no, og deler dei same erfaringane. Dei likar faget veldig godt, og synest det er godt med ein pause frå dei teoretiske faga.

Den klare oppfordringa frå tilsette og elevar, er at dette prosjektet må vidareførast, og verte ein del av det vanlege skuletilbodet.

Del denne artikkelen på: