Reinhaldsdugnad

Reinhaldsdugnad

Gode elev og kollega

No treng me hjelp av kvar og ein på skulen for å gjere skulen endå finare og reinare.

Rektor bed om at alle tek seg tid nokre sekund til å fjerne eige boss, kaste avfall i rett avfallscontainer og elles passe på å halde benkar og seter frie for skomerke.

Eg håpar me slik kan ta godt vare på den fine skulen. Samstundes gjer me reinhaldarene våre ei stor teneste. Dei er tilsette for å halde skulen rein, men ikkje for å plukke søppel etter meg og deg. Det er vår eigen jobb.

Saman får me dette til, og det tek ikkje meir enn maks to sekund.

Mbh Rektor

Del denne artikkelen på: