Pølsefest

Pølsefest

På måndag 27. mai frå klokka 11.15 inviterer elevrådsleiar Sebastian N. Ree (biletet) og resten av elevrådet til pølsefest.

For panten som har kome inn i pantekassane på skulen, har elevrådet kjøpt inn 1200 pølser, i tillegg til kyllingpølser, vegetarpølser og brus.

Elevrådet ønskjer at pantepengane skal kome alle elevane på skulen til gode. Måndag fyrer dei altså opp tre store grillar i skulegarden, mellom A og C-bygget, og deler ut pølser og brus til alle.

Del denne artikkelen på: