Om å vera god nok

Om å vera god nok

Torsdag 4. oktober var om lag 300 personar samla til samtale og innlegg rundt temaet «Å være god nok». 

Arrangementet er knytt til arrangementa som Jæren distriktspsykiatriske senter arrangerer kvar månad, og frå og med i fjor har dei hatt samarbeid med psykologilærarane på Bryne vgs. og Tryggheim vgs. Arrangementet var ope for alle, men flesteparten av tilhøyrarane tek psykologi som valfritt programfag. Eli Bjuland og Marianne Mjølsnes Wetteland underviser i faget, og dei leia programmet.  

jdps6

Direktøren for Jæren distriktspsykiatriske senter, Nina Bolme Steinsholt, opna kvelden, og etter det blei gjestene introdusert. Olaug Bollestad (leiar for Helse og omsorgskomitéen på Stortinget) og Khamshajiny«Kamzy» Gunaratnam (varaordfører i Oslo) haldt innlegg og var med på samtale om det å vere god nok. Dei kom begge med personlege historier for å belyse temaet.  

DPS5

I programmet blei det  også vist to filmar som elevar frå Tryggheim vgs. hadde laga. I filmane blei temaet for kvelden utdjupa av personar i ulike aldersgrupper, og det blei tatt opp kva som kjenneteiknar gode vennskap.  Mellom desse programpostane fekk publikum høyre fengande musikkinnslag frå eit band med elevar blant anna frå musikklinja på Vågen videregående skole. Lilly Skårland, Julia Bruns og Emma Torvanger (vokal), Eirik Egeland (gitar), Harald Frøyland (bass), Marius Fuglestad (keyboard) og Håvard Wetteland (trommer).  

DPS2

Arrangementet var eit samarbeid mellom Jæren distriktspsykiatriske senter, Bryne vgs. og Tryggheim vgs. med støtte frå kommunane Time, Klepp, Hå og Gjesdal. Denne torsdagen var også medlemmer frå seks lokallag av Norske Kvinners Sanitetsforening på Bryne vgs. Dei serverte kaffi og eigen bakst til alle som ville ha.

DPS4
Del denne artikkelen på: