Matematikkens dag

Matematikkens dag

Tysdag 26. september var det Matematikkens dag for alle klassane på vg1.

Klassane vart delt i grupper, og tok seg gjennom 11 postar, der dei skulle løyse ulike praktiske oppgåver.

Målet med dagen var å vise kor praktisk og nyttig matematikk kan vere, samtidig som dei vart kjende i skulebygga og møtte andre elevar enn dei gjer til dagleg.

Dagen var delt i to, og klassane deltok på matematikkens dag ein halv dag kvar. Det vil mellom anna seie at det vart kåra to vinnarar i løpet av dagen. 

Ei av gruppene som vann, var Eid, Aydos, Hossain, Mustafa og Khan (sistnemnde var ikkje tilstades då bildet vart tatt), som går i innføringsklasse for minoritetsspråklege elevar.

Gutane er fornøgd med eigen innsats, og syntest det var gildt å vere med på matematikkens dag. Dei seier dei lærde mykje, og at dei var veldig fornøgde med premien dei fekk, som var gavekort i kantina.

Del denne artikkelen på: