LitlaStortinget 2018

LitlaStortinget 2018

Tre dagar med LitlaStortinget er over. 

LitlaStortinget er eit tre dagar langt politisk rollespel, der elevane har spelt ulike rollar, som stortingsrepresentantar, partileiarar, regjeringsmedlemmar, presidentskap og politiske rådgjevarar.

LitlaStortinget vart innleia med talar av rektor Ingunn Folgerø og stortingsrepresentant Geir Pollestad frå Senterpartiet.

Etter opninga var rollespelet i gang. Presidentskapet overtok leiinga i LitlaStortingssalen, godkjende permisjonssøknader og tok opprop. Så var det klart for statsminister Kydland sin trontale.

litlastortinget3

Sigve Kydland frå 2RMMA var statsminister på LitlaStortinget 2018.

litlastortinget4

Geir Pollestad (Sp) opna LitlaStortinget 2018. Her er han saman med Statsminister Kydland.

Etterpå gjekk det slag i slag med partileiardebatt, trontaledebatt, spørjetime, plenumsdebatt og votering. 

I tillegg var det, innimellom samlingane i LitlaStortingssalen, hektisk møteaktivitet rundt omkring på skulen, med gruppemøte, forhandlingar og komitemøte. 

litlastortinget2 (3)

 Partileiardebatten vart leia av lærar Trond Anfinnsen (t.v.)

litlastortinget6

Presidentskapet; Emily Thu, Embla Maria Snadvik Finnesand og Mari Vaage, hadde travle dagar i LitlaStortingssal.

Sjølv om regjeringa Kydland fekk gjennom dei flest av proposisjonane sine, vart det ein dramatisk avslutning på LitlaStortinget med mistillitsforslag og regjeringsskifte.

Alt som skjedde i LitlaStortingssalen vart filma og sendt direkte på YouTube,  slik at dei som ville, kunne følge rollespelet. Sendingane frå LitlaStortinget finn du her:  https://www.youtube.com/watch?v=ctx8k3oH6SE 

Det er medieelevane på skulen som har produsert sendingane. Dei har også intervjua representantane, og laga fleire reportasjar frå LitlaStortinget.

Her er nokre innslag om den dramatiske avslutninga på LitlaStortinget: https://www.facebook.com/LitlaStortinget/videos/294657911063370/ og https://www.facebook.com/LitlaStortinget/videos/294707707725057/  

Her tar Andreas deg med bak kulissane på LitlaStortinget: https://www.facebook.com/LitlaStortinget/videos/294702691058892/ 

Fleire reportasjar laga av medieelevane, finn du her: https://www.facebook.com/LitlaStortinget/ 

LitlaStortinget har også fått brei omtale i pressa, mellom anna her:

NRK Rogaland: https://www.nrk.no/rogaland/se-tv-sendingen-18.50-1.13927961 (Innslaget frå LitlaStortinget finn du ca 5 min ut i programmet)

Jærbladet: http://jbl.no/index.php?page=vis_nyhet&NyhetID=45052#_=_ 

Del denne artikkelen på: