Ledige læreplasser på Bryne vgs.

Ledige læreplasser på Bryne vgs.

Frå 1. august 2018 søkjer Bryne vgs. lærling både innan Kontor- og administrasjonsfaget og innan IKT-servicefaget:

Ledig læreplass i kontor- og administrasjonsfaget:

Bryne vidaregåande skule søkjer lærling innan kontor- og administrasjonsfaget med startdato 1. august 2018.

Søkjar med ungdomsrett vil bli prioritert.  

Læretida er lagt opp slik at den skal gje erfaring og kompetanse nok til at lærlingen skal kunne gå opp til fagprøven. 

Arbeidsoppgåver: 

Hovudoppgåvene vil bli: Service og kundebehandling, betening av sentralbord og ekspedisjon.  

Me krev:

- Aktuelle kandidatar må ha fullført og bestått VG1 service og samferdsel og VG2 sal, service og sikkerheit. 

- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk 

- Politiattest  

Me ønskjer ny lærling som: 

- Viser vilje og evne til samarbeid og kunne jobbe sjølvstendig 

- Er påliteleg, lojal, har god ordenssans og er serviceinnstilt 

- Har interesse for digitale løysingar  

At du er personleg skikka vil bli vektlagt.

 Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.  

Me tilbyr : 

- At opplæringa skjer i samsvar med læreplanen 

- Breidde i opplæringstilbodet med varierte og allsidige oppgåver 

- Trivelege kollegaer og godt arbeidsmiljø 

- Personleg rettleiing, oppfølging og tilbakemelding 

- Lønn i opplæringstida i samsvar med lov og avtaleverk  

Søknadsfrist: 11.02.2018. 

Spørsmål om lærlingplassen kan rettast til Solveig Hortman på tlf. 51 92 31 05 eller e-post: solveig.hortman@skole.rogfk.no  

Ledig læreplass i IKT-servicefaget:

Frå 1. august 2018 søkjer me ny lærling i IKT – servicefaget. 

Me søkjer lærling som har bestått VG1 og VG2.   

Det er ønskeleg med følgande kvalifikasjonar: 

·Påliteleg, nøyaktig, fleksibel og serviceinnstilt 

·Kan jobbe både sjølvstendig og i team  

Det er nødvendig at du beherskar norsk. 

Lærlingar ved Bryne vidaregåande skule får varierte og lærerike arbeidsoppgåver med gode utviklingsmoglegheiter, og tett oppfølging og rettleiing.

Opplæringa vil vere innan fastsett læreplan.

Arbeidsoppgåvene vil variere frå supporthjelp til elever og tilsette, til andre tekniske tenester innan faget.  

Søkjar med ungdomsrett vil som hovudregel bli prioritert.  Spørsmål om lærlingplassen kan rettast til Kim Hartvig på tlf. 51 92 31 42  eller e-post: kim.hartvig@skole.rogfk.no 

Søknadsfrist: 11.02.2018

Del denne artikkelen på: