Lærerikt prosjekt om badevatn

Lærerikt prosjekt om badevatn

Eveline Stokkeland, Jelena Kovacevic, Kacper Bartlomiej Cwiklo, Remy André Aasberg, Runar Fosse og Salai Lai Kung Hlawnceu på vg2 studiespesialiserande har jobba med eit prosjekt om kvaliteten på badevatn på oppdrag frå Time kommune og IVAR.

Elevane har programfaga Kjemi1 og IT1, og prosjektet er ein kombinasjon av dei to faga.

Oppdraget elevane fekk var å måle kvaliteten på badevatn i Time kommune og lage ei nettside der dei kunne publisere resultata.

itkjemi

Første del av prosjektet var å ta prøvar av badevatn i Time kommune. 

Ein representant frå IVAR gav elevane opplæring i korleis dei skulle måle kvaliteten på badevatn. Elevane tok prøvar i tre vatn, Eivindsholtjødna på Bryne, Stemmen på Kvernaland og Frøylandsvatnet ved Gåsevika.

prosjekt
prosjekt2
prosjekt3
     
     

Resultat frå målingane vart sendt inn til analyse hos Eurofins samstundes med at elevane analyserte prøvar frå vatna. 

prosjekt4

I tillegg til målingane, utarbeida elevane ein database og ei nettside der dei kunne publisere resultata. Ved å bruke nettsida, vil det vera mogleg å finne temperaturen på vatnet, vurdering av kvaliteten på badevatn og innhald av til dømes nitrogen i vatnet.

itkjemi2

Rett før påske presenterte elevane arbeidet for kommuneoverlege i Time kommune Øystein Øgaard.

lektor2

Prosjektet elevane har vore med på er ein del av Lektor2-ordninga som skulen er med i.

Lektor2 er ei nasjonal realfagsatsing som Naturfagsenteret ved UiO driv og som skal mellom anna stimulere elevane si interesse for motivasjon for realfag gjennom samarbeid mellom skule og arbeidsliv.

Del denne artikkelen på: