• Forside
  • Aktuelt
  • Læreplass som helsefagarbeidar ved Kvardagslivstrening på Bryne vidaregåande skule

Læreplass som helsefagarbeidar ved Kvardagslivstrening på Bryne vidaregåande skule

Læreplass som helsefagarbeidar ved Kvardagslivstrening på Bryne vidaregåande skule

Vil du søke om læreplass som helsefagarbeidar ved Kvardagslivstrening på Bryne vidaregåande skule?

Kvardagslivstrening er eit opplæringstilbod for multifunksjonshemma elevar med stort hjelpebehov. Elevane har ulik grad av funksjonshemmingar og store, samansette lærevanskar.

Opplæringa er praktisk retta og er ein kombinasjon av teori, yrkespraksis og trening i daglege gjeremål. Tilbodet er organisert i mindre grupper. Du kan lese meir om Kvardagslivstrening her.

Krav til deg som søker læreplass som helsefagarbeidar:

  • Fullført og bestått vg1 Helse og oppvekstfag 
  • Fullført og bestått vg2 Helsearbeiderfaget
  • Godkjent politiattest

Vi ønsker å gje deg som lærling ei allsidig og variert opplæring som helsefagarbeider. 

Du vil få ein instruktør som vil vera din støttespelar og følgje deg opp og hjelpe deg i det daglege arbeidet. Du vil og få delta i eit faglig miljø for lærlingar. 

Vi har utarbeida ein opplæringsperm med alle kompetansemåla som du arbeider med i læretida hos oss. 

Som lærling blir du tilsett på dei vilkåra som går fram av gjeldande lovar, reglement og tariffavtalar. Lærlingar blir lønna med utgangspunkt i fagarbeidarlønn: 

1.      halvår = 30% lønn 

2.      halvår = 40% lønn 

3.      halvår = 50% lønn 

4.      halvår = 80% lønn 

Oppstart er 13.08.19 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Therese Rosseland, avdelingsleiar for Kvardagslivstrening tlf. 913 207 84 eller e-post therese.rosseland@skole.rogfk.no  

Søknad skal sendast elektronisk innan 02.06.2019 

Lenke til søknad:  https://candidate.hr-manager.net/ApplicationInit.aspx?cid=1160&ProjectId=144733&DepartmentId=18960&SkipAdvertisement=true

 

Del denne artikkelen på: