Kyrkjebyggjarane

Kyrkjebyggjarane

Klasse 2 BAKA (Klima-, energi og miljø) har den siste månaden bygd Time kyrkje og Frøyland Orstad kyrkje i pepperkakedeig.

kyrkjebyggarane2

Etter å ha vore på befaring i kyrkjene og sett på teikningar, laga dei skisser, der bygga med alle detaljar vart forminska til målestokken 1:20.

Pepperkakeutgåva av Time kyrkje står utstilt utanfor Informasjonen i 2. etasje i A-bygget. Frøyland/Orstad-kyrkja skal stå utstilt i kyrkja.

Deretter bygde dei kyrkjene i stål, og brukte ståldelane som pepperkakeformer.

Vindua i kyrkjene er laga av sukker og glukose, og planen var at kyrkjene skulle kunna etast. Men trass i gode råd frå lærarane på restaurant- og matfag, måtte det lim til for å få byggverka til å stå.

Sigve Bru, som er læraren til klassen, seier at det har vore spanande å arbeide med dette, og at elevane har likt det godt og vore veldig engasjerte. Han er også nøgd med at dette prosjektet har dekka mange av kompetansemåla i læreplanen.

Den ferdige modellen av Frøyland Orstad kyrkje, med amfi og gangbru utføre.

Klassen har i tillegg til skuletimane brukt helger og kveldar på prosjektet, og ser no fram til ein velfortent juleferie.

Del denne artikkelen på: