Gullvibå

Gullvibå

Siste skuledag hadde Medier og kommunikasjon vg1 og vg2 utdeling av sin eigen pris, Gullvibå.

Reklamebyrået Glødefisk har vore jury og kåra vinnarar i ulike kategoriar innan foto, grafisk og film. 

13511525_10154137779980575_399255985_n

Atle Jerstad frå Glødefisk delte ut fleire prisar, til dømes for Årets portrett, Årets mobilfoto, Årets gatekunst og Årets informasjonsfilm. Han skrøytte av arbeida til elevane. Dei som vann, vart utfordra til å halde takketalar. Både medelevar, bestemødre og andre familiemedlemmar vart takka. 

Alle viktige utdelingar har ein publikumspris. Under utdelinga av Gullvibå fekk elevane stemme fram vinnaren av Årets t-skjortedesign. 

IMG_0316

Det blei dessutan delt ut premie til Årets elevbedrift som vart Easyprint.

Del denne artikkelen på: