Gullnål til Hans Dahl Ørstavik

Gullnål til Hans Dahl Ørstavik

Hans Dahl Ørstavik, lærar på Restaurant- og matfag, vart tildelt Andre Enghs gullnål 2018. Dette er den høgaste utmerkinga til NKL (Norges Kokkemesteres Landsforening). Prisen blei delt ut under landsmøtet i Bergen laurdag 10.mars.

Nål

I talen under utdelinga blei det lagt vekt på at Hans Dahl Ørstavik har lagt ned ein enorm dugnadsinnsats i samband med arrangement som utallege Norgescupar, NM, Gladmat, olympiadar og landsmøter. Han er med i teamet rundt kokkelandslaget og passer der på at alt ligg til rette for at landslaget kan gjera ein best mogleg jobb.

Hans Dahl Ørstavik har vore lærar ved skulen (først Time vgs., så Bryne vgs.) sidan 1994, og har på ingen måte tenkt å gje seg enno. Han trivst godt som lærar på skulen, og synest det er inspirerande å få følgje elevane også etter at dei er ferdige på skulen. Han møter mange av dei både når dei kjem for å ta fagprøve etter læretida og i samband med konkurransar. Hans er oppteken av å arbeida med rekruttering til utdanninga. Han har bidrege til å få fleire matarrangement til skulen, det siste var Matsmiå tidlegare i mars. Dette kjem elevane på skulen til gode, ved slike arrangement og ved avvikling av fagprøvar på skulen, får elevane sjansen til å møte bransjen på skulen.

Hans1

Ein så stor dugnadsinnsats som Hans har lagt ned, krev både tid og krefter. Hans seier at det å ha gode kollegaer og ein god avdelingsleiar har vore viktig for at han har kunna bli med på alt dette, både på og utanfor skulen. Han trekk også fram "kånå", Møyfrid. Hennar støtte og innsats har vore svært viktig. Møyfrid fekk også takk frå kokke-Norge under talen som vart halden til Hans då han fekk gullnåla.

Bryne vgs. gratulerer Hans Dahl Ørstavik med Andre Enghs gullnål. Vel fortent, Hans! 

Del denne artikkelen på: