"Galflaut, men gildt" med tyskprosjekt

"Galflaut, men gildt" med tyskprosjekt

Torsdag 24.november vart ein annleis skuledag for 2STB. 

Heile skuledagen vart brukt til å synga og spela teater på tysk. 

Klassen hadde besøk av Sandro Jahn og Fabio Niehaus frå Hamburg. Dei to er på turne for å vise elevar og lærarar nye måter å lære tysk på. 

I tillegg til sangleikar og dramaøvingar, fekk elevane lage sine eigne dramastykke - alt på tysk. Mot slutten av dagen var det tid for å framføre for medelevar og lærarar. 

tysk3

"Dette er galflaut, men gildt" sa ein av elevane då ho vart spurt om korleis det var å vera med på prosjektet.  

tysk4

Her er heile gjengen samla, klasse 2STB med Sandro og Fabio og lærar Liv Randi Øvrelid heilt til høgre.

Del denne artikkelen på: