Franskvikar med lang erfaring

Franskvikar med lang erfaring

Det er ikkje kvar dag ein høyrer fransk song på skulen, men når elevane i franskgruppa på vg2 har vikar, blir det ofte sunge både ein og to songar på fransk i løpet av ei økt.

Arnstein Jonsbråten (82) har hatt mange vikaroppdrag på sin gamle arbeidsstad sidan han gjekk av med pensjon i 2001. Han har vore vikar både i norsk og fransk tidlegare. Han var ikkje vanskeleg å be då han fekk spørsmålet om å vikariera som fransklærar no i vår, også fordi det var gildt å ha vore vikar på den nye skulen.

franskvikar2

Franskelevane likar godt den erfarne vikaren sin og  syng meir enn gjerne med på «Alouette, gentille alouette». 

Del denne artikkelen på: