Fekk meirsmak på tysk

Fekk meirsmak på tysk

Skuleåret er snart slutt, og mange av elevane frå vg3 og vg4 skal studere på universitet og høgskular til hausten.  

To elevar frå studiespesialiserande vgs3 reiser til Tyskland for å studere. Joakim Vik Haukedal og Jonas Haugland skal først ta eit førebuingskurs i Tyskland og så ein språkprøve som skal kvalifisere til opptak på tyske universitet. Planen er å vera i gang med studiar etter jul.

Joakim har hatt kjemi, fysikk og matematikk som programfag og har planar om å  studere realfag, truleg med hovudvekt på IT. Jonas vil studere statsvitskap etter å ha fordjupa seg i faga rettslære og politikk og menneskerettar dei to siste åra.

Begge har hatt tysk som fag på vg3 med tanke på at dei vil studere i Tyskland. "Mange studerer i Storbritannia og USA, me vil gjera noko litt annleis og dreg difor til Tyskland, " seier dei to avgangselevane.  Det at tysk er eit språk som næringslivet etterspør og at det er gratis å studere i Tyskland trekk dei også fram som gode grunner for studieplanane sine. 

JoakimJonas

Tidlegare i skuleåret var tyskelevane på tur til Köln, noko som styrka lysta til å studere i Tyskland. "Det å sjå at til dømes Paris bare var ein togtur unna, er freistande for oss som er vane med Stavanger og Eigersund som endestasjonar", seier Joakim.

Både Jonas og Joakim har hatt tre gilde og innhaldsrike år på Bryne vgs. Kjekke medelevar og godt klassemiljø har vore med på å gjera skulekvardagen bra. Eit tips frå Joakim til dei som skal begynne på skulen til hausten er å gjere noko gildt saman med klassen tidleg i skuleåret, gjerne utanfor skulen. I tillegg til det sosiale synest dei det har vore gildt å gå i nye skulebygg med god ventilasjon og gode IT-løysingar. "Nokre av lærarane hadde litt startvanskar med dei nye tavlene, men no får dei det godt til", avsluttar dei med eit smil.

Me ynskjer Joakim og Jonas og alle andre avgangselevar lukke til vidare.

Del denne artikkelen på: