Fagdag på TIP

Fagdag på TIP

Bjørnar Erga, Erik Magnus Kristiansen og Nicolai Grødeland frå klasse 2INTC 

Onsdag 18. januar var det fagdag for vg1 TIP og vg2 INT.

På fagdagen var det for vg1 fokus på å velje retning for vg2. Både Bryne vgs. og andre skular som tilbyr vg2 innanfor TIP-faga presenterte seg for elevane.

For vg2-elevane handla det om å søke læreplass.

FagdagTIP1

Ove Johan Aklestad frå Opplæringskontoret for industrifag i Rogaland (OFIR) snakka om utviklinga dei siste åra, og var optimistisk med tanke på kor mange lærlingar bedriftene ønskjer å ta imot dette året.

I tillegg fekk vg2-elevane treffe representantar for ulike bedrifter som tar inn lærlingar.

Bjørnar Erga, Nicolai Grødeland og Erik Magnus Kristiansen frå klasse 2INTC gav uttrykk for at fagdagen var nyttig og interessant, og har gitt dei litt klarare tankar om kva dei vil vidare.

kjell

Rådgjevar Kjell Nesheim er også fornøgd med dagen, og skryt av skular, opplæringskontor og bedrifter som tar seg tid til å kome på fagdagen. Han meiner det betyr mykje for elevane. For han som rådgjevar er det greit å kunne bruke denne dagen som referanse når han skal rettleie elevane vidare.

Del denne artikkelen på: