Elevrådsleiaren ønskjer seg engasjerte elevar

Elevrådsleiaren ønskjer seg engasjerte elevar

Mathilde Brunvoll, som går i klasse 3stb, er leiar for elevrådet på Bryne vidaregåande skule.

Ho er spent på å treffe det nye elevrådet, som skal vere sett saman av ein tillitselev frå kvar klasse på skulen, som vil seie over 90 klassar.

Elevrådet kjem til å ha ulike arrangement i løpet av året, og setje fokus på tema som er viktige for heile skulen, td. psykisk helse. Mellom anna skal Marco Elsafadi kome på besøk og halde foredrag om temaet for elevrådet. Mathilde gler seg til dette, og håper det vil skapa eit engasjement for psykisk helse i elevrådet og at dette slal merkast elles på skulen.

Ho skal vere med på solidaritetsturen til Palestina og Israel seinare i haust. I etterkant av dette håper ho å kunne vere med og gje elevane informasjon om og engasjement for solidaritetsprosjektet.

-På ein skule som er så stor som Bryne vgs., og med mange ulike studieprogram, er det viktig med eit elevråd som bind skulen og elevane saman, seier elevrådsleiaren vidare. Mathilde håper at elevrådet dette skuleåret skal bli meir synlege på skulen, og ho oppmoder alle elevane til å engasjere seg i skulekvardagen sin,

Del denne artikkelen på: