Ein trygg skuledag utan mobbing

Ein trygg skuledag utan mobbing

Frå 1.august gjeld nye reglar om elevane sitt skulemiljø.

Det er paragraf 9 i Opplæringslova, som handlar om elevane sitt skulemiljø, som er endra.

Lovendringa slår fast at skulane skal ha nulltoleranse mot krenking. Krenking kan vere mobbing, vald, diskriminering og trakassering.

Krava til kva skulen skal gjere når ein elev ikkje har eit trygt og godt skulemiljø er skjerpa i lovendringa.

Viss ikkje skulen gjer nok for å hjelpe ein elev som melder ifrå om at han ikkje har det trygt på skulen, skal fylkesmannen kontaktast.

Les meir om dette, og sjå  informasjonsvideo på fylkesmannen si nettside Ein trygg skoledag utan mobbing

Del denne artikkelen på: