Ein bra mann

Ein bra mann

Benjamin frå NRK-serien "Stemmene i hodet" kom til Bryne for å halde foredrag for elevar frå Tryggheim vgs. og elevar frå Bryne vgs. som tek psykologi som programfag.

I foredraget fortalde han om korleis det var å leve med ein schizofrenidiagnose. På ein grundig og nøktern måte la han fram sin historie om det harde arbeidet han har gjort for å finne fram til sin eigen identitet. I dag er Benjamin kvitt diagnosen Schizoaffektiv liding. Han bruker mykje av tida si på å hjelpe andre som har det vanskeleg, og han har tatt steget frå å vere pasient til å vere tilsett ved Bergfløtt behandlingssenter.

torsdag2

Arrangementet var eit samarbeid mellom Jæren distriktspsykiatriske senter, Bryne vgs. og Tryggheim vgs. med støtte frå kommunane Time, Klepp, Hå og Gjesdal. Denne torsdagen var også medlemmer frå seks lokallag av Norske Kvinners Sanitetsforening på Bryne vgs. Dei serverte kaffi og eigen bakst til over 200 tilhøyrarar.

torsdag1
Del denne artikkelen på: