Bullshitfilteret

Bullshitfilteret

Fredag 17. november hadde skulen besøk av Oda Faremo Lindholm.

Ho gav ut boka "Bullshitfilteret" i 2014, og foredraget ho heldt på fredag bygger på denne boka.

Elevane fekk høyre Oda snakke om korleis dei stereotype og seksualiserte framstillingane av kjønns-, kropps- og livsstilsideal verkar inn på korleis vi tenkjer om oss sjølve.

Forsking viser ei markant auke av unge jenter som oppgir at dei slit med depressive symptom som stress og angst. 

Ifølgje Lindholm er det mellom anna jaget etter det perfekte som påverker den psykiske helsa til dei unge. Ein samanlikner seg med retusjerte bilete av kjendisar og andre, og sjølvbiletet vert i stor grad knytt til utsjånad og kropp.

Målet med foredraget er å gje ungdom eit "bullshitfilter", eller nokre vertøy dei kan ha med seg, i møte med media og populærkultur.

Del denne artikkelen på: