Brynelærarar på FN-besøk

Brynelærarar på FN-besøk

Kjersti Fjermestad og Grethe Rognøy på besøk i Tryggingsrådet (biletet tatt av Ida Jørgensen Thinn, FN-sambandet).

I mars reiste dei to lærarane Grethe Rognøy og Kjersti Fjermestad på studietur til New York i regi av FN-sambandet.

Bryne vidaregåande skule er ein FN-skule, noko som betyr at skulen får tilgang til nyttig informasjon om FN, og at representantar frå FN-sambandet kjem til skulen kvart år for å halde foredrag for elevar. I tillegg kan altså lærarar frå skulen søke om å få reise på studietur til FN sitt hovudkontor i New York.

På denne turen var totalt 16 lærarar, rektorar og avdelingsleiarar frå ulike skular med på turen. Gruppa fekk mellom anna vera med på morgonmøte hos den norske FN-ambassdøren. Der fekk dei vite meir om korleis dei der jobbar for å få Noreg inn som medlem i Tryggingsrådet (Sikkerhetsrådet). Seinare fekk dei omvising i FN sine imponerande bygg, flotte å sjå til både utanpå og inni.

newyork

Følget frå Noreg fekk dessutan vera med på to møter i Tryggingsrådet. Her fekk dei høyre representantar frå dei 15 medlemslanda halde innlegg om mellom anna konfliktar og svoltproblemtikken på mange ulike språk. Mange omsetjarar sikra at det var mogleg for alle tilhøyrarane å få med seg kva som blei sagt.

Den første generalsekretæren i FN var den norske politikaren Trygve Lie, og han var med på å bestemme at hovudkvarteret til FN skulle ligge i New York. Difor fekk Noreg spørsmål om dei ville, saman med andre skandinaviske land, donere og dekorere eit rom. Noreg fekk tildelt rommet der Tryggingsrådet held til. Alt interiør og kunst i rommet er produsert i Noreg.

Dagane i New York var innhaldsrike med fullt program frå tidleg til seint. Lærarane frå Bryne seier at dei har fått med seg mange inntrykk og mykje kunnskap som dei gler seg til å formidle vidare. Grethe og Kjersti lover at både elevar og tilsette skal få høyre meir om turen til New York.

Del denne artikkelen på: