Arbeidstrening hjelper barn i Guatemala

Arbeidstrening hjelper barn i Guatemala

Elevar og tilsette på Arbeidstrening har i fleire år samla inn pengar til Idas hjelpefond. Idas hjelpefond vart starta av brynejenta Ida Jaarvik Hetland i 2010, og hjelper barn og unge i Guatemala med operasjonar, mat og utdanning. Ida besøker Arbeidstrening kvart år og fortel om prosjektet sitt og viser bilete. Dette er med på å gjere prosjektet levande og konkret for elevane, og skaper engasjement.

Arbeidstrening har hatt fokus på Idas Hjelpefond og solidaritet i to veker. Elevene har arbeidd ein dag heime eller i bedrift. Nokre vaska kjøkken og lagde middag, medan andre bretta klær. Alle fikk fekk ver med på å gjere ein innsats for at andre barn skal få betre livskvalitet. Med Idas filosofi «Ingen kan hjelpe alle, men alle kan hjelpe noen» i bakhovudet, var det ein motivert gjeng som tok fatt på arbeidsoppgåvene.

Idas hjelpefond3

Dei har også selt kaffi og kaker på M44 og Gamle Bryne mek., og hatt panteinnsamling der dei panta flasker for privatpersoner. Elevane panta meir enn fem tusen flasker på ein føremiddag. Det var tidvis kø og litt kaos i panteautomatane på Bryne, men elevane tok dette med knusande ro og godt humør. 

idas hjelpefond5

Dei tilsette på avdelinga engasjerte seg også, og arrangerte ein auksjon på skulen. Personalet kunne leggje inn bod på alt fra flytur, kunst, hudpleieprodukt, bøker og gåvekort på middag. Auksjonen føregjekk i personalkantinen, der det hang plakatar som elevane hadde laga. Det var mange tilsette som la inn bod, og sikra seg dei ulike produkta, samtidig som dei støtta ei god sak.

Idas hjelpefond6

Arbeidstrening ønskjer å takke alle, både bedrifter og privatpersonar som støtta aksjonen.

Solidaritetsaksjonen har skapt engasjement på avdelinga. Elevane har lært om Guatemala, og om Idas hjelpefond. I tillegg har dei samarbeidd godt på tvers av studieretningane på Arbeidstrening. Dette har gjort at dei i år har samla inn heile 34 378 kr. Det er nesten dobbelt så mykje som den gamle innsamlingsrekorden, og tilsvarer meir enn 1300 kr per elev. Det har dei grunn til å vere stolte av!

Idas hjelpefond2
Del denne artikkelen på: